Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
20220818_121539

Store Haugmelen

Elevane på ungdomstrinnet hadde ein flott fjelltur til Store Haugmelen torsdag 18.8. Imponerande innsats av samtlege. Me fekk kjenna litt på at pumpa slo og at mjølkesyra brusa i beina, men utsikta på toppen gav løn for strevet. Takk for turen!

20220405_134103

Café der Norwegische Express

Ttradisjonen tru arrangerte tyskelevane i 8. og 9. klasse kafé for tyskelevane i 10. klasse. Her føregjekk, naturlegvis, all kommunikasjon mellom kundar og kelnarar på tysk. I kafeen var det mogleg å få "kjøpt" både muffins, brownies og kjeks. Ei kjekk økt!

20220311_115225

Sol, ski og store smil!

Vêrmeldingane innfridde og det spontane bytet av ungdomsskulen sin skidag frå torsdag til fredag viste seg å vera ein innertiar. For ein dag på ski! Glade ungdomsskuleelevar susa rundt i slalombakkane og i langrennsløypene i Rindabotn. Når me i tillegg kunne innta lunsjen i kvar vår fluktstol i solsteiken, vart dagen berre endså betre. Særdeles god stemning, altså! 

20220303_140028

Superheltar!

Det var så kjekt å kunne samla heile skulen i gymsalen att til ei god, gammaldags fellessamling, rett nok med nokre digitale innslag. Ansvarlege: Elevane på ungdomsskulen med 10. klasse i spissen. Tema: "Superheltar". 

Grilling

Bål og leik på Kvednhushaugen!

Fredag 26.november tok 8A og 3A seg ein tur til Kvednhushaugen, der me hadde leik og varming av medbrakt mat på bål. Det var lett skya og temperaturen låg rett over 0, men heldigvis var me godt kledde for tur. Det var mykje forskjellig mat, men pølser og ostesmørbrød var nok dei mest populære alternativa. 

 

Me hadde nokre fine timar i saman, og ser fram til vidare samarbeid mellom klassane!

20211123_092656

MOT-TIL-Å-GLEDE - dagen!

Tysdag 23. november markerte me MOT-til-å-glede- dagen. Ungdomsskuleelevane starta dagen med felles frukost på musikkrommet. Her gjekk brødskiver, pålegg og agurk ned på høgkant. Dei unge MOTivatorane våre minna oss på enkle ting me kan gjera for å gleda folk rundt oss, ikkje berre denne dagen, men kvar dag. Eit smil, eit "hei!", ein venleg kommentar eller ei hjelpsam hand kan gjera at andre får ein betre dag. MOTivatorane arrangerte eit eige MOT-lotteri med flotte vinstar sponsa av lokale butikkar. I dette lotteriet var det ikkje pengar i spel, men post-it-lappar med gode ord om andre som ein meinte fortente det. Dei vaksne prøvde òg å gjera sitt for spreia glede til elevane med eit eige lærarband og ein eigen versjon av årets BlimE-låt "Dynamitt". 

FB440D55-570F-4E82-9D78-6D3ADD04F24A

Leikaktivitet!

Tysdag 5.oktober hadde 3.kl og 8A felles aktivitet ute. Elevane i 8A hadde sjølve valt ut korleis me skulle organisere økta og kva leikar me skulle nytte. Ukjende leikar som til dømes Zombie og ein ny variant av sisten tok mykje av tida, men det var også rom for meir tradisjonelle leikar som killer og rødt lys. Det vart ein time med mykje aktivitet, og både 8.klassingar og 3.klassingar trur me fekk ein god trim

Pumptrack

Aktivitet i pumptracken

Fredag 10.september tok me turen til Kvednhushaugen og pumptracken for ein halv dag med aktivitet og konkurransar. Alle hadde minst ein runde gjennom løpa, sjølv lærarane måtte prøve seg gjennom løypa. Nokon fekk vise ferdigheitene sine på hoppa, før me avslutta med ulike konkurransar i klassisk "Mestrenes mester"-stil. Ein kjekk dag med mykje aktivitet!

20210820_113200

Ungdomssteget på tur til Dueskardsvarden

Fredag 20. august sette heile ungdomssteget kursen mot Lingesete og Dueskardsvarden. Endeleg kunne me reisa på tur ilag att! Det var særs god stemning i flokken som talde nesten 60 elevar. Litt kald trekk frå nordvest gjorde at me ikkje stoppa veldig lenge på toppen, men utsikten var det ikkje noko å utsetja på. Takk for turen!