Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
20230829_120028

Mellomtrinnet på fjelltur!

Tysdag hadde mellomtrinnet ein flott fjelltur. Me starta på Ruud, og gjekk først til Øyestølen. Deretter gjekk me opp til toppen Pikkhaug, og vidare via Ospesete tilbake til Ruud. Ein flott rundtur. Me vart nok litt våte på føtene etter at det har regna dei siste dagane, men det var ingen sure miner av den grunn! Ein kjekk gjeng å gå på tur med. 

bilde -20230523-081826-d5bb30f1

7A kosar seg på leirskule

3 dagar er allereie ved vegs ende på Hauglandsenteret, og me kan love at me kosar oss både elevar og vaksne. Me har vore på utflukt i kano, padla kano og kajakk her i bukta, laga pizza på stormkjøkken, hatt bogeskyting, rapellering, bushcraft og nokre har bada - både ute og inne. Til tross for lange dagar med aktivitetar har det også vore fritid der elevane har stifta nye bekjentskap med elevar frå andre skular, spela spel, bordtennis og fotball osv. 

Fornøgde vinnarar

Innebandyturnering på mellomtrinnet

Tysdag 15. november hadde mellomtrinnet ein vellukka kveld med den tradisjonelle innebandyturneringa. Det var god stemning og full innsats på bana, før kvelden vart avrunda med heder og ære til vinnarane og bollar til alle deltakarar. 

bilde -20220920-085719-963706ac

Fin dag på Kronprins Harald`s plass

Tysdag 20. september tok 7A litt utvida kroppsøving, og tok turen til Kronprins Harald`s plass. Ein nydeleg haustdag med strålande sol!

DSC_0177

Mellomtrinnet på sankedag 31.08.22

Me var i dag ute i skogen og plukka sopp, tytebær og blåbær. Då me kom inn att laga me veggavis om det me hadde funne. Seinare skal me nytte det me fann til matlaging. Mykje sopp å finne i år!

MicrosoftTeams-image (18)

Mellomtrinnet på fjelltur tysdag 23.08

Me gjekk frå bommen over Dalåker og til Vardahei. Heim att gjekk me om Hungerhaug, ned att til bommen, og stiar heile vegen ned att til skulen. Spreke elevar med mykje godt humør. Dette var ein flott dag!

20220818_111107

Leikeøkt for mellomtrinnet 18.08.22

I langøkta før mat på torsdag delte mellomtrinnet seg inn i tre grupper og gjennomførte desse aktivitetane: Stratego, sparke ball og orienteringsaktivitetar. Moro å gjere ting i lag!

20220520_123020

Fjærland og Bremuseet

Fredag 20. mai var 5. og 6. klasse på tur til Fjærland og Bremuseet i anledning 30-årsjubileet til Jostedalsbreen Nasjonalpark.