5. klassen hadde ein finfin tur til Eide fredag 10. juni. Me sykla i flokk til museet, der la dei fleste frå seg syklane. Så gjekk med ned på Stranda. Der bada me, spelte Volleyball, kasta Frisbee, spelte Kubb, fann fine skjell og steinar, og kosa oss.
Sola kom til slutt fram og varma oss litt til og med!
Onsdag 25. mai var 5.klasse på tur til Astruptunet i Jølster. Elevane har den siste perioden jobba med Nikolai Astrup i kunst og handverk, so dei hadde mykje å komme med og gode spørsmål då me hadde omvisning. Me såg på dei gamle stovene i tunet og var innom galleriet og fekk sjå på bileta som var utstilte. Før me reiste åt me maten vår og mange kjøpte seg is og suvenirkort. Nok ein gang må me seie at dette er ein fin gjeng og reise på tur med.
Heldige oss som har De Heibergske Samlinger nær oss. Me fekk ein strålande fin dag der me sette poteter, helste på dyr, hoppa i høyet, utforska uteområde og leika i eventyrskogen. Ein lærerik dag for store og små.
Onsdag 04. mai tok me turen opp i barnehagen for å treffe kompisklubben. Desse ungane skal femteklassingane vere fadrar for frå hausten av. Elevane hadde på førehand planlagt fire ulike aktivitetar som skulle gjennomførast ilag med barnehageungane. Ei gruppe hadde ansvar for fotball, ei gruppe hadde gøymsel og sisten, ei gruppe hadde teikning og leik, medan ei gruppe hadde paradis og hoppetau m.m. Elevane var veldig flinke med å tilpasse seg dei små og gjere naudsynte endringar undervegs. Desse kan bli flinke fadrar!
Tysdag 03.05. var femteklasse på gardsbesøk og fekk sjå Ida sine lam. Me kom to timar etter dei siste lamma var fødde. Først var me inne i fjøsen og fekk sjå, klappe eller halde lamma. Terje, Ida sin pappa, forklarte og svara på spørsmål frå elevane. Etterpå var me med og sendte ein del av sauene ut på bøen. Før me gjekk tilbake på skulen åt me frukt og leika litt "Per på boks"
5. klassingane har sydd seg fine forklede i kunst og handverktimane. Her er alle iført sine ferdige produkt. I tillegg ser de noko av påskepynten dei har laga.
"Dette var jo ikkje mattedag, me har ikkje hatt matte i det heile teke i dag!" Dette sitatet vart høyrt i ein av klassane på mellomsteget på fredag. Origami, tårnbygging, Numetry og terningspel - alt dette er matematikk! Ivrige elevar fekk bryne seg på forskjellige oppgåver med problemløysing innanfor matematikk på fredag 25. mars.
Måndag 14. mars reiste mellomtrinnet på skidag i Hodlekve. Det nydelege været gjorde sitt til at stemninga var på topp!
Elevane kunne velje om dei ville vere med på skileik eller køyre i trekket. Det var god aktivitet i alle leirar. Ein kjekk dag for både vaksne og ungar!