Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
bilde -20250212-093622-c7a63c0d

Utedag i 5. klasse

Onsdag 12. februar var gymsalen oppteken, og sidan det var strålande sol var det ypperleg å ta oss ein tur i nærmiljøet. Me gjekk oppover til Mårkjettehola og fann oss ein fin plass i det nye hogstfeltet. Der hadde 5. klassingane ein aktiv dag med leik og sosialt samvær, i tillegg til at me tok lunsjen utandørs. Mange steikte seg toast og liknande på bålet. Ein fin, halv dag ute! 

IMG_7740

Matematikkdag 1.-4. klasse

Onsdag hadde me ein veldig kjekk matematikkdag. 1.-4. klasse var blanda i ulike grupper der alle var gjennom 4 ulike stasjonar i løpet av dagen. Ivrige og engasjerte elevar. Ein kjekk og lærerik dag.

thumbnail_IMG_1067

Skidag

Skidag på Kvernhushaugen i strålande vèr. Det vart både ski, aking, bål og kos denne dagen. Me er heldige som har eit slikt anlegg i nærområdet. 

fc0f315e-3140-4c9e-9ec0-cfa90397b6db

Samane sin dag

6. februar markerte 1. - 4. klasse samane sin dag. Me var ute og hadde ulike aktivitetar. Elevane fekk høyre eventyr, kaste lasso, spele memory, svare på oppgåver og lage landart. Det smakte godt med mat rundt bålet. 

20230310_095609000_iOS

Karneval

Fredagen før vinterferien hadde 1. - 4. klasse karneval. Elevane svinga seg på dansegolvet i flotte kostyme. Ei elevbedrift i 9. klasse serverte nydeleg gode bollar til oss. 

thumbnail_IMG_0948

Den kulturelle skulesekk

Trude Tjensvold kom til oss og hadde ei visuell historieforteljing frå boka "Bo flyttar ut" med elevane i 1. - 4. klasse. Etterpå fekk me vera med å dikte ei historie og teikne til. 

0230170a-5482-4131-b003-42f82de1e81b

Juletregonge

Måndag var heile småskulen samla i gymsalen. Der gjekk me rundt juletreet, song julesongar og dansa ein juledans. Kjekk tradisjon.
7b05d2ac-71b8-46d5-96c9-2f78ae142e2d

Fagdag 1. - 4. klasse

Onsdag hadde me ein kjekke fagdag med aktivitetar på tvers av klassane. Det var 3 stasjonar; JULEGYM - JULEKORT - JULESONG. 
thumbnail_IMG_0331

MAT OG LEIK I SKOGEN

Heldige oss som har den fine skogen rett ved skulen. Me samla 1.-4.klasse, tok med maten og gjekk inn i skogen. Her leika me, samla kongler og rydda boss. Så åt me maten vår før me gjekk attende til skulen. 

thumbnail_IMG_0271

"HULDRESLETTA"

1.-4. Klasse hadde ein fin tur til Huldresletta. Mykje fin leik i skogen.