Den kulturelle skulesekk
Trude Tjensvold kom til oss og hadde ei visuell historieforteljing frå boka "Bo flyttar ut" med elevane i 1. - 4. klasse. Etterpå fekk me vera med å dikte ei historie og teikne til.
Trude Tjensvold kom til oss og hadde ei visuell historieforteljing frå boka "Bo flyttar ut" med elevane i 1. - 4. klasse. Etterpå fekk me vera med å dikte ei historie og teikne til.
Fredagen før vinterferien hadde 1. - 4. klasse karneval. Elevane svinga seg på dansegolvet i flotte kostyme. Ei elevbedrift i 9. klasse serverte nydeleg gode bollar til oss.
6. februar markerte 1. - 4. klasse samane sin dag. Me var ute og hadde ulike aktivitetar. Elevane fekk høyre eventyr, kaste lasso, spele memory, svare på oppgåver og lage landart. Det smakte godt med mat rundt bålet.
Måndag 23. januar besøkte 3A kyrkjegarden på Kaupanger i samband med livsmeistringsprogrammet Zippy. Tema denne perioden er forandring og tap. Me har snakka mykje om temaet på førehand og var no klar for å oppsøkja kyrkjegarden. Dei elevane som ville fekk fortelje om graver dei kjente til.
Elevane samla inn data på fargar på bilane som reiste til/frå ferjekaien. Etterpå brukte dei programmet Excel til å føre inn funna og lage søylediagram.
Fredag 13. januar var 3. klasse på ViteMeir på eit læringsopplegg som heiter «Instrument frå scratch». Elevane fekk lage ein elektrisk krins med elektriske energikjelder og elektroniske komponentar. Vidare endra dei koden til eit sjølvlaga musikkinstrument som bestod av deler som verker saman, i programmeringsspråket Scratch. Med programmeringa kunne dei lage eit musikalsk innslag.
Tverrfagleg opplegg i naturfag og norsk. Elevane var med på eit forsøk på korleis ulike stoff kan reagere og endre seg. Etterpå skreiv dei rapport og teikna.