Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
20210929_112736

Forfattar Pia Strømstad på besøk

Onsdag 29. september hadde me i 5. klasse besøk av forfattar Pia Strømstad. Ho har skrive mange bøker, men den boka ho kom og fotalte om denne gongen heiter 10 ville ekspedisjonar. Ho var veldig engasjerande, og elevane i 5. klasse var meget deltakande. Me lærte til dømes at månelandinga vart redda av ein penn, og at denne no er på utstilling. Takk for besøket!

bilde -20210924-092233-fde01e2b

TMF (trivselsmatfri) fredag 24. september

I dag hadde me litt utvida lunsj i femteklasse, også kalla TMF. Dette var første gong for denne gjengen. Elevane hadde med seg litt god mat kvar til seg, i tillegg til at Alva og Ida hadde laga muffinsar og Amalie hadde baka kanelbollar, som alle fekk smake. Tusen takk til desse tre for initiativet! Elles laga me grupper med "kafébord" og elevane oppretta eigen spotifyliste. Dette var stor stas!  

bilde -20210917-075734-032931de

Siste utflukt for å sjå på kvar elevane bur

I dag, fredag 17.09.21, var me på vår siste av tre miniutflukter. I dag såg me husa til Jonas, Isak, Magnus og Amalie. Nok ein flott tur! No har alle elevane fått bilete av sine hus på veggen i klasserommet.

bilde -20210910-082055-7569a33f[1]

Ny miniutflukt i 5. klasse

I dag gjekk turen på feltet, for å sjå husa til Daniel, Alva, Maria Kristina, Emilie Sofie, Ida, Emil, Tilda, Celine og Diana. Det vart ein fin trimrunde på ein varm haustdag. I klasserommet har me hengt opp bilete av alle husa me har "besøkt" til no:)

20210831_104633

Tur på Skogen

Tysdag 1. september tok me i 5. klasse oss ein tur på Skogen for å sjå på husa til dei som bur der. Vi fekk til og med helse på ein søt, liten hund (som var litt vanskeleg å ta bilde av). 

bilde -20210826-074934-ddcf84a6

Klasse 5A

Førre veke var heile gjengen omsider samla, då tok me klassebilete. Det finaste vart brukt til å henge i klasserommet. Her ser de det biletet, i tillegg til eit litt mindre seriøst eit:) Ein fin gjeng, dette! 

IMG_0350

Faddersamarbeid

Ein hærleg dag for leikar og aktivitetar.

Utsikt på toppen

Mellomsteget på tur

Blide spreke ungar, perfekt turvær, nydeleg utsikt - kan det bli betre?

IMG_6015

Spreke fjerdeklassingar på fjelltur

Fredag 11. juni brukte 4A heile skuledagen sin til fjelltur. Alle dei spreke ungane kom seg både på Kvitebergholten og Hauståkernakken, lett som berre det:) Ein flott turdag i perfekt turvær med spreke fjerdeklassingar! 

IMG_5989

Sykling med fadderklassen var moro!

Tysdag 8. juni hadde fadderklassen organisert ein veldig kjekk time med sykling for oss. Elevane vart delte i seks grupper, der alle var innom stasjonar med trening i diverse sykkelferdigheiter. Fadrane var instruktørar og motivatorar for oss. Alle var ivrige på alle stasjonane. I tillegg var alle innom ein servicestasjon, der dei fekk ein sjekk på sykkelen sin. Tusen takk til 9. klasse for eit kjempeopplegg!