Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
20230829_120028

Mellomtrinnet på fjelltur!

Tysdag hadde mellomtrinnet ein flott fjelltur. Me starta på Ruud, og gjekk først til Øyestølen. Deretter gjekk me opp til toppen Pikkhaug, og vidare via Ospesete tilbake til Ruud. Ein flott rundtur. Me vart nok litt våte på føtene etter at det har regna dei siste dagane, men det var ingen sure miner av den grunn! Ein kjekk gjeng å gå på tur med. 

Fornøgde vinnarar

Innebandyturnering på mellomtrinnet

Tysdag 15. november hadde mellomtrinnet ein vellukka kveld med den tradisjonelle innebandyturneringa. Det var god stemning og full innsats på bana, før kvelden vart avrunda med heder og ære til vinnarane og bollar til alle deltakarar. 

6A-GJERDEKUNST

Kreative elevar

Elevane i 6A har siste tida nytta Kunst & handverktimane til "gjerdekunst". Gjerdingen ved skulen er  pynta opp av kreative og ivrige elevar. Absolutt verdt ein tur å sjå.

DSC_0177

Mellomtrinnet på sankedag 31.08.22

Me var i dag ute i skogen og plukka sopp, tytebær og blåbær. Då me kom inn att laga me veggavis om det me hadde funne. Seinare skal me nytte det me fann til matlaging. Mykje sopp å finne i år!

MicrosoftTeams-image (18)

Mellomtrinnet på fjelltur tysdag 23.08

Me gjekk frå bommen over Dalåker og til Vardahei. Heim att gjekk me om Hungerhaug, ned att til bommen, og stiar heile vegen ned att til skulen. Spreke elevar med mykje godt humør. Dette var ein flott dag!

20220818_111107

Leikeøkt for mellomtrinnet 18.08.22

I langøkta før mat på torsdag delte mellomtrinnet seg inn i tre grupper og gjennomførte desse aktivitetane: Stratego, sparke ball og orienteringsaktivitetar. Moro å gjere ting i lag!

20220610_115857

Tur til Eide

5. klassen hadde ein finfin tur til Eide fredag 10. juni. Me sykla i flokk til museet, der la dei fleste frå seg syklane. Så gjekk med ned på Stranda. Der bada me, spelte Volleyball, kasta Frisbee, spelte Kubb, fann fine skjell og steinar, og kosa oss. 

Sola kom til slutt fram og varma oss litt til og med! 

Takk for ein fin tur, og god helg :)

IMG_8304

Besøk på Astruptunet

Onsdag 25. mai var 5.klasse på tur til Astruptunet i Jølster. Elevane har den siste perioden jobba med Nikolai Astrup i kunst og handverk, so dei hadde mykje å komme med og gode spørsmål då me hadde omvisning. Me såg på dei gamle stovene i tunet og var innom galleriet og fekk sjå på bileta som var utstilte. Før me reiste åt me maten vår og mange kjøpte seg is og suvenirkort. Nok ein gang må me seie at dette er ein fin gjeng og reise på tur med. 

20220520_123020

Fjærland og Bremuseet

Fredag 20. mai var 5. og 6. klasse på tur til Fjærland og Bremuseet i anledning 30-årsjubileet til Jostedalsbreen Nasjonalpark. 

 

thumbnail_IMG_4483

1.KLASSE OG 5. KLASSE. VÅRONN PÅ MUSEET

Heldige oss som har De Heibergske Samlinger nær oss. Me fekk ein strålande fin dag der me sette poteter, helste på dyr, hoppa i høyet, utforska uteområde og leika i eventyrskogen. Ein lærerik dag for store og små.