Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
3B7A4C46-8C1E-4A10-9ACA-7D1BEF0878F6_1_102_o

Påskeeggjakt

I siste time før påskeferie hadde Jorunn fiksa ein påske-loop. Løysningssvaret gav elevane ein ledetråd på kvar påskeegga var gøymt. 

80CD35AD-6410-4405-ABE8-FB21926FAE11_1_102_o

Programmering på ViteMeir

Fredag 8. april var det duka for vekas andre kodetime med blue-bot. Denne dagen var det programmering med Eskil på ViteMeir. Flott progresjon i oppgåvene frå dagen før. Elevane lagde labyrintar som roboten skulle køyre i. 

FB76DB1D-B18C-40CB-ACE7-8EB92BA50301_1_105_c

Kodetime

Torsdag 7. april hadde me besøk av Camilla frå Sogn opplæringskontor. Ho lærte oss å programmera med blue-boot. 

75E896EB-5ECF-462F-BEE3-682563B4DA1B_1_102_o

Uteskule

Kjekt med uteskule i sola! Me starta morgonen med å sjå fleire hjortar som beita i skogen. Vidare var det leik og kortstaffett som stod på planen. Etter frukt og leik vart det både engelsk-loop og ulike oppgåver knytt til veketema teknologi. Lunsjen smakte ekstra godt i fin natur og med sol i fleisen. 

8EB68981-29F3-427C-A322-17F0302AD239_1_201_a

Veketema: teknologi

I kunst og handverk har elevane laga oppfinningar i keramikk. Veka etter laga dei robotar. Forarbeidet med idear og skisser har dei gjort i naturfagsboka. 

FC8F96FD-F9AC-43EE-AA8F-C02188B9F489_1_105_c

Solrik utedag

Ein fin dag med uteskule. Det var leik, aktivitetar, norsk-loop frå tre til tre, gjennomgang av tema sansane, føring av "ein blind person" og matematisk spel. Me åt både frukta og nistepakken ute. 

659C1668-1837-4D5C-9B46-563D6A3B872E_1_105_c

Skidag

1. - 4. klasse hadde ein kjekk og aktiv dag på Kvernhushaugen onsdag 2. mars. 

D2466A65-F7BC-4CBD-862C-96B4ACEF7DD3_1_201_a

Karneval 2. klasse

Karnevalet i 2. klasse var stor suksess. Elevane svinga seg på dansegolvet i flotte fantasirike og kreative kostyme. Fastelavnsbollar, muffins og saft stod på menyen. Det var ekstra stas at elevane hadde baka bollane sjølv. Ei super avslutning på veka før velfortent vinterferie!