Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
5334BE5A-A81C-403D-926D-D87AA5CE9398_1_105_c

Foredrag om Aserbajdsjan og Usbekistan

Det var veldig kjekt at Leanora og Vivian ville fortelje om opphaldet i utlandet. Lærerikt og spennande! Klassen vart også lurt: Me fekk utdelt "stein" som eigentleg var sjokolade - nam! 

B71610D3-6794-456C-A4BC-6429FF01E2BD_1_105_c[1]

Besøk i Brekka

Fredag 10. juni var me så heldige å få innom på besøk hjå Åsa. Der fekk me god undervisning om småkryp, planter og blomar av Stein Joar Heggland. Det var stor stas å helse på sauene og kyllingane. Ei lærerik og kjekk oppleving. Tusen takk for oss!

20220607_073326930_iOS

Stjerneorientering for småskulen 07.06.2022

Tysdag 7. juni kunne me endeleg ha den tradisjonelle stjerneorienteringa vår. Det vart ein flott dag, der elevane var delt i 15 grupper på tvers av klassestega. Dei fekk svara på mange ulike oppgåver i det strålande vèret, og såg ut til å vere både slitne og nøgde etterpå. 

BA73AE80-7ED8-4BFF-9F32-BFF48A8EEB44_1_105_c

Tur til Sogndal

På høgskulen fekk elevane sjå framsyninga "Sommarfuglen og larven". Det var stas å bli invitert fram på scena med skodespelarane. Me fekk tid til å besøkje installasjonen "Auditomosjon" (lydleikeplass) og klatre på uteområdet. På veg til busshaldeplassen gjekk me igjennom campus for å sjå stadion til Sogndal og vidaregåande. 

64A22A2A-0420-49D5-B2EA-FE8A9E7E69F1_1_105_c

Uteskule

Fin utedag i nærområdet. Elevane utforska ulike artar innanfor ein gitt kvadratmeter. Dei fann samansette ord i naturen. Me såg rumpetroll i dammen.

16D64218-D71D-49B2-9611-1D13962F61EC_1_105_c

Redesign og planting av blomster

Etter ei veke med tema klima har me blitt inspirerte til å lage noko nytt av ting som eigentleg skal kastast, og ikkje berre kjøpe nytt. Me har difor prøvd å laga blomsterpotter av mjølkekartongar. Det gjekk veldig fint! Etterpå planta me Stemorblomstrar. No er klasserommet flott pynta. 

3F622185-7801-4171-A34D-E98E2E3C02C4_1_201_a

Markering av Earth day

Tema for veka har vore klima. Onsdag reiste me bort til ViteMeir for å gi vårt klimabrøl til brølofonen. Fredag markerte me jorda sin dag. Elevane fekk utdelt arbeidsplan med klima-oppåver. Eitt av punkta var å lage ei klimateikning som kunne sendast til Ida-Beate Mølmesdal, som arbeider med klimaplanen for Vestland fylke. Ei anna oppgåve var å plukke boss i naturen. Jorda sin bursdag vart feira med jordklode-muffins. :)

Her kan de høyre klimabrølet vårt: https://brol.klimabrolet.no/brol/701136296 

Her kan de lese meir om klimabrølet og brølofonen: https://www.vitemeir.no/aktuelt/bli-med-og-brle-for-klima