Data og funn
Elevane samla inn data på fargar på bilane som reiste til/frå ferjekaien. Etterpå brukte dei programmet Excel til å føre inn funna og lage søylediagram.
Elevane samla inn data på fargar på bilane som reiste til/frå ferjekaien. Etterpå brukte dei programmet Excel til å føre inn funna og lage søylediagram.
Fredag 13. januar var 3. klasse på ViteMeir på eit læringsopplegg som heiter «Instrument frå scratch». Elevane fekk lage ein elektrisk krins med elektriske energikjelder og elektroniske komponentar. Vidare endra dei koden til eit sjølvlaga musikkinstrument som bestod av deler som verker saman, i programmeringsspråket Scratch. Med programmeringa kunne dei lage eit musikalsk innslag.
Tverrfagleg opplegg i naturfag og norsk. Elevane var med på eit forsøk på korleis ulike stoff kan reagere og endre seg. Etterpå skreiv dei rapport og teikna.
Me har vore med på ei veldig kul reise til Mars! Elevane fekk ulike oppgåver som måtte løysast for å få tak i kodar og nøklar. Til slutt fekk dei laga rakettar.
Litt regnfull utedag, men veldig kjekk! Studentane stod for opplegget.
Elevane har laga ugler med studentane.