Me starta med 90-gradaren, og her sat elevane så lenge (nesten 25 minutt på det lengste!), at me berre rakk ei MM-øving! Imponerande jobba av alle saman. 

Påskekrimmen handla om å finne koden til eit pengeskåp, dette gjorde dei med å løyse ulike oppgåver i grupper. Første gruppa som løyste alle oppgåvene opna "skåpet" og fann premien (ein kjærleik på pinne til kvar). 

Etter dette kosa me oss med bål og "fiskesprett". Sola var framme nesten heile tida, så dette vart ein flott vårdag og ein fin oppladning til ferie. 

God påske!