- Tiltaka kommunen set i verk er i samsvar med retningslinjene til FHI og omfanget av smitte i kommunen, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Begge dei nye elevane som er smitta, har vore i karantene som nærkontaktar. Begge familiane har vore i karantene.

Kommunen vil rose innbyggjarane for måten kvar innrettar seg for å trygge seg sjølv og alle andre.
 
- Det gjer me best ved å følgje TISK-strategien (testing, isolering, smitteoppsporing og karantene), seier smittevernlegen. Folk er flinke til å teste seg. Det har dei siste dagane blitt gjennomført over 440 testar. I tillegg erfarer me at den enkelte som må gå i karantene og isolasjon, gjer dette på ein framifrå måte. Bidrag frå andre i lokalsamfunnet for å lette situasjonen for dei som er direkte trefte, viser at her står me samla og støttar kvarandre. Alt dette gjer til at ein hindrar vidare smitte. 
 
Det er per no over 120 nærkontaktar i karantene og enno fleire i ventekarantene. Det er framleis testar det ikkje er kome svar på.
 
Det har gått ut informasjon til føresette og tilsette ved Kaupanger skule om korleis dei skal handtere situasjonen.
 
Kommunen oppmodar framleis:
  • lag og organisasjonar i Sogndal kommune om å utsetja/avlysa arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper innandørs.
  • folk om å bruka munnbind der det er vanskeleg å halda avstand.
Kriseleiinga vedtok laurdag å avlysa alle kommunale arrangement fram til 29.03.21. Dette vert gjort for å vera føre var i ein uavklart situasjon med aukande smitte i kommunen.
Dette gjeld
  • alle kommunale arrangement for publikum
  • alle arrangement og kinoar i Sogndal kulturhus
  • felles arrangement og møteplassar på frivilligsentralane, som LF Riverdal møteplass
Bibliotek og frivilligsentral vil ha ope med ordinær drift, men med forsterka smittevern.
Kulturskulen si individuelle undervisning går som vanleg, men at dei fleste grupper, som Krudlalaget, er avlyste denne veka.
 
Dersom du har symptom, kan du bestilla time til testing på www.c19.no eller kontakta legekontoret.
Ved spørsmål om korona, kan du ta kontakt med koronatelefonen på 57 65 28 00 og e-post korona@sogndal.kommune.no.