Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Stafett og toppoppgjer i fotball!

To store hendingar på skulen nest siste dagen før sommarferien tek til: Stafett og ein gysar av ein fotballkamp mellom 10. klasse og lærarlaget. Maks innsats og full jubel under stafetten. Nokre lag må trena litt meir på vekslingane neste år, men dei som skulle vinna, vann i år òg. 

Ramma rundt årets fotballkamp var oppgradert til ny versjon med profesjonell speaker, innmarsj og namneopprop. Sjølve kampen vart eit tett og jamt oppgjer med mange sjansar til begge lag, ved kampslutt stod det 1-1, dermed måtte kampen avgjerast med straffekonkurranse. Etter straffebom av blant anna sjefen sjølv, kunne 10. klassingane gå sigrande ut av kampen. Me gratulerer og takkar for kampen!

20220616_124539

20220616_123324
20220616_123339
20220616_124945
20220616_125113
20220616_125208
20220616_122150
20220616_122341
20220616_122425
20220616_122548
20220616_122848
20220616_123057
Publisert | Oppdatert 16. juni 2022