Det å kunne få gjere det på vår eigen skule, i vårt eige lokalsamfunn saman med folka som bur her, jobbar her, medelevar, foreldre og andre er ei flott moglegheit til å vise at me tek verdiane i skulen på alvor.
Me opplever framleis skjellsord og haldningar som ikkje samsvarar med det me ynskjer å stå for, DERFOR er det viktig at me står opp og er tydelege på våre verdiar, og det me som skule og lokalsamfunn ynskjer å vere ein del av.
Alle som ynskjer det, elevar på Kvåle skule, elevar på andre skular, tilsette på vår skule, andre tilsette i Sogndalsskulen og oppvekstsektoren, samt alle føresette og alle andre er hjarteleg velkomen til å gå bak parolen til Kvåle skule. Me har eit STORT ynskje om at Kvåle skule skal visast att i SognaPride – BLI MED OSS I PARADEN!
SognaPride laurdag 13. september
Oppmøte er frå kl. 11.30, og paraden går kl. 12.00
Oppstilling er ved parkeringsplassen ved Sogndal vidaregåande skule / Sogndal idrettshall
Meir informasjon om SognaPride finn du på SognaPride (@sognapride) • Instagram-bilder og -videoer