Oppdatering 18.03 klokka 21.30: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Den smitta er elev i 6. klasse ved Kaupanger skule.

Det er totalt teke 129 ordinære testar og 5 hurtigtestar i Sogndal torsdag. Dei som tok hurtigtest, er personar som er nærkontaktar til nokon som har fått påvist smitte. Alle fem var negative. Når det gjeld dei ordinære testane, får kommunen melding dersom dei er positive.

- Me får telefon så snart Helse Førde eventuelt har eit positivt resultat frå Sogndal kommune. Så langt i dag har me ikkje høyrt noko, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Han legg til at det er stor pågang på testing i Helse Førde med utbrot både i Stad og Sunnfjord, i tillegg til utbrotet i Sogndal kommune.

Tysdag kveld fekk ein student som har vore i praksis på Kaupanger skule, påvist koronasmitte. Ein lærar ved skulen testa onsdag positivt på hurtigtest, og elevane i 6. klasse og tilsette ved skulen vart difor kalla inn til testing onsdag ettermiddag og kveld. Av desse testa to elevar positivt på hurtigtest. Kaupanger skule var stengd torsdag og vert også stengd fredag.

 - Me får nokre spørsmål, og me forstår at det er ein del usikkerheit på Kaupanger. Me jobbar kontinuerleg for å nå ut med relevant informasjon til alle. I tillegg har me eit ekstra søkelys på foreldre og andre med tett kopling til skulen, seier ordførar Arnstein Menes.

Kriseleiinga har i møte torsdag kveld gått gjennom ulike problemstillingar, og utifrå smittsituasjonen kome fram til at kommunen ikkje innfører nye tiltak no.

 - Viss situasjonen endrar seg, vil me raskt koma attende med nye tiltak, seier Menes, og opplyser at kommunen då vil få god bistand frå Folkehelseinstituttet og Statsforvaltaren, som mellom anna vil vera med og sikra samkøyring av tiltaka i regionen.

Ei avgjerd kring kva tiltak som eventuelt blir sette inn frå neste veke, vert truleg ikkje teken før seint fredag kveld.

Dersom du har symptom, kan du bestilla time til testing på www.c19.no eller kontakta legekontoret. Ved spørsmål om korona, kan du ta kontakt med koronatelefonen på 57 65 28 00 og e-post korona@sogndal.kommune.no.

Sjå informasjonsvideo med ordførar Arnstein Menes og smittevernlege Leiv Erik Husabø