- Me har vore i kontakt med Folkehelseinstiuttet, og det klare rådet derfrå er at slik situasjonen rundt dette smittetilfellet er, er det ikkje naudsynt å setja inn ekstra tiltak på skulen, seier smittevernlege Leiv Eirik Husabø.

Han opplyser at studenten ikkje hadde symptom medan vedkomande var på skulen. Sogndal kommune har informert tilsette, elevar og føresette ved Kaupanger skule.

- Det er viktig at ein held seg heime dersom ein får symptom, og testar seg, seier Husabø.

Studenten var i praksis i 6. klasse. Frå skulen vert det opplyst at dei har vore nøye på å følgja gjeldande smittevernsreglar, og at studenten ikkje har hatt kontakt med andre elevar og lærarar utanom klassen der vedkomande har vore i praksis.

To personar er definerte som nærkontaktar og sette i karantene. Det vert arbeidd vidare med smittesporing.

Kriseleiinga i kommunen var samla til møte onsdag morgon.

- Me følgjer situasjonen tett, og vurderer fortløpande kva ytterlegare tiltak me skal setja i verk, seier ordførar Arnstein Menes.

Oppdatering onsdag ettermiddag: Ein tilsette ved Kaupanger skule har onsdag testa positivt på korona på hurtigtest.

Dersom du har symptom på korona, kan du bestilla time til testing på www.c19.no eller kontakta legekontoret. Dersom du har spørsmål om korona, kan du ta kontakt med koronatelefonen på 57 65 28 00 og e-post korona@sogndal.kommune.no

Informasjon som er send ut til føresette ved Kaupanger skule

Information to parents/guardians at Kaupanger school 

معلومات للمشرفين في مدرسة كاوبانغر

ሓበሬታ ንወለዲ ንተምሃሮ ቤት ትምርቲ ኮፓንገር