Heile denne veka har vore internasjonal veke på Kaupanger skule. I år valde me å jobba med tema "Barn, ikkje brud" som òg er overskrifta på årets TV-aksjon. Alle klassane har jobba med tema på ulike vis. På ungdomssteget har elevane jobba i grupper på tvers av klassane, dei har hatt same tema, men ulike innfallsvinklar. Ein del grupper har laga film, to grupper laga kahoot, andre laga skodespel. Nokre har laga kunst, i form av foto, gips og teikneserie. Me har hatt eit band som har komponert og spelt inn ein eigen låt. Ei anna gruppe laga plakatane som me hadde med oss på solidaritetsmarsjen vår.

Elevrådet på ungdomssteget har vore styringsgruppe for arbeidet heile veka. Dei har vore ansvarlege for appellen og dei har laga ein eigen film basert på intervju med andre elevar. I dag kunne heile skulen, for første gong på nesten to år, samlast i gymsalen. Det var ei flott oppleving. Trym, Martine og Nikolai leia samlinga og framførte appellen. Eit samla småskule-kor song "Vi - sangen", det vart eit verdig punktum for markeringa. Elevar og tilsette på skulen har i dag bidrege til TV-aksjonen og me oppfordrar alle andre til å gjera det same!

20211022_102851.mp4