Venskap
Me fingerhekla venskapsband.
Kulturell skulesekk
Me var så heldige å få besøk av forfattar og illustratør Inger Lise Belsvik. Der ho synte oss boka "Under ein stein". Dette var ei kjekk og lærerik stund.
Til slutt var me med å teikna vårt eige krypdyr, det fekk namnet "Dronas Brottehaug".
Mat og helse
Denne veka har me hatt tverrfagleg prosjekt om eple. Me avslutta prosjektet med å baka eplemuffins og spela tre på rad med eple og muffinsbrikker.
Ynskjer alle ein god haustferie.
Uteskule og besøk av politiet.
Etter uteskulen åt me matpakken vår ute.
Fredag var me heldige å få besøk av to frå politiet. Dei gav oss refleksvestar og snakka om kvifor det er viktig med refleks. Ei kjekk og lærerik stund.
Kunst og handverk og leikegrupper
Songstund for småskulesteget
1.- 4. klasse gjentok suksessen med felles songstund. Kari sytte for flott opplegg og dirigering.
Uteskule
Torsdag 09. September pakka me sekken og gjekk til "Huldresletta" saman med fadderklassen. Dei hadde laga eit supert opplegg til oss. Mykje god læring.
VAL
Me hadde om val og avslutta med at elevane fekk velgja aktivitet sjølve. Det vart tre aktivitetar: Teikna, leika JOVO og byggja Lego.
Uteskule
Ein nydeleg dag på Kvednhushaugen. Uteskule er kjekt og lærerikt.