Tradisjon tru har me karneval siste dag før vinterferien. Denne dagen har me gleda oss til lenge. Me har laga pynt, baka bollar, pynta loftet og planlagt. Det vart høg dansemusikk, limbo, jenka, sisten, fortballspel, gode bollar og jammen vart det litt ekstra sukkerpåfyll til slutt. Alle var einige om at dette var ein fantastisk dag.
I dag avrunda me prosjektet om samefolket med ein utedag i skogen. Me måla det samiske flagget i snøen, spikka spyd, grilla pølser og hadde mykje fin leik i skogen.
13. Desember var endeleg dagen her. Heldige oss som fekk gå Lucia gjennom alle klasseromma på heile skulen vår. Etterpå avslutta me med bollar i klasserommet.