Kaupanger skule       
Landpostruta
6854 Kaupanger

Tlf: 57628900
Fax: 57628901

Kontaktskjema
RSS

Skulekalendaren

05.07.12
1. inntak
11.07.12
Svarfrist 1. inntak
29.07.12
2. inntak

Søk på nettet

Nytt frå skule og SFO

Kaupanger skule møter Kunnskapsministeren

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har invitert Kaupanger skule til å innleie til debatt/seminar om skulen sitt verdigrunnlag. Samlinga finn stad i Kunnskapsdepartementet måndag 21.mai. Frå skulen reiser elev Anders Nyland Fardal og rektor Geir Navarsete.Me er i godt selskap med andre innleiarar som t.d Knut Olav Åmås,Inga Bostad,Tomm Kristiansen ,Ottar Hellevik m.fl. Me gler oss!
16.05.2012

04052012701.jpg

VÅRFEST

Heile mellomtrinnet var samla til vårfest i gymsalen fredag 4.mai.
Les meir »   07.05.2012

forteljinga_om_eit_mogleg_drap_014.jpg

DKS: Forteljinga om eit mogleg drap

Torsdag 19.04. fekk 5.-7. klasse besøk av to flotte skodespelarar og ein lydmann som gav oss ei kjempebra framsyning.
Les meir »   19.04.2012

img_0401.jpg

Fellessamling 16.03.2012

Denne gongen var det ungdomsskulen som stod for underhaldninga på fellessamlinga.
Les meir »   16.03.2012

film_avslutning_leseprosjekt_2012_001.jpg

LESEPROSJEKTAVSLUTNING PÅ MELLOMSTEGET

No er leseprosjektet offisielt avslutta for denne gong, men vi kjem nok til å lese meir framover likevel. Fredag 3. februar hadde mellomsteget ei koseleg filmstund med tre filmar basert på bøker.
Les meir »   03.02.2012

RSS

Velkommen til Kaupanger skule

Kaupanger skule er ein 1 - 10-skule med omlag 216 elevar. I alt 35 vaksne arbeider på skulen og i skulefritidsordninga, av desse 26 pedagogar.

Skulen ligg i Kaupanger, ei bygd med omlag 1700 innbyggjarar, omlag ei mil  frå Sogndal, som er kommunesenteret.

Kaupanger skule, "skulen i skogen" ligg fint til i furuskogen på Kaupanger. Skulen er bygd i fleire trinn: Me har "Gamleskulen" med gymnastikkbygget, hovudbygningen som inneheld kontor, lærarrom, arbeidsrom for lærarane, bibliotek, formingsavdeling, skulekjøken og klasserom. I tillegg har me ein klasseromsbygning som også innheld naturfagrom og musikkrom.

Skogen rundt skulen pregar uteaktivitetane til elevane; mellom anna er hyttebygging i trea ein populær aktivitet. Naturen, inkludert Kaupangerelva, vert også brukt aktivt som læringsarena på alle klassesteg. Skulen har lagt til rette for friluftsliv/fysisk fostring gjennom kjøp av utstyr: kanoar, lavvoar, stormkjøken, telt, kart m.m.